Heim

Velkommen til Midsund Montessoriskule sine nettsider

 

Skulen vår er som namnet seier, ein montessori skule. Vi er ikkje ein konkurrent til den offentlege skulen, men eit spanande alternativ.

 

Krava til skule og læring er dei same som ved den offentlege skulen, men måten å lære på er meir praktisk vinkla. Maria Montessori, som har utvikla læremåtane, seier "Handa er hjernens reiskap". Det seier mykje om måten å lære på. Du kan lese meir om dette under fana "Pedagogikk"

 

På skulen vår skal fridom og respekt for andre gå hand i hand. Det er sjølvsagt ei utfordring og ein lærdom alle må få bruke tid på å tileigne seg.

"Hjelp meg å hjelpe meg sjølv"

 

Gjennom bruken av Montesssori-pedagogikken ynskjer vi å legge forholda til rette for at barna skal ha fridom og dermed kunne utvikle ein sterk og sunn personlegdom. Barns interesse og innlæringsevne varierer med alder og modning.

 

Pedagogikkens motto er ”Hjelp meg å hjelpe meg sjølv”. I dette ligg det at lærarane skal vere observatørar og rettleiarar. Dei skal legg tilrette slik at barnet sjølv skal bli i stand til å mestre. All unødig hjelp hindrar barnas utvikling og læring.

 

Derfor er det i skulen vår mykje praktisk arbeid som igjen gir god læring. Vi brukar naturen rundt oss, samarbeider med lokale krefter og har mykje materiell som gir praktisk læring.

Skulematen er viktig

 

Elevane hos oss treng ikkje ta med matpakke.

Lunsjen; her er det barna som på omgang og i felleskap med ein lærar/assistent lagar og serverer. Ferskt brød og godt, sunt pålegg. Elevar og lærarar et lunsj i lag.

 

Barna er også med å rydder etter maten. Vi satsar på sunt og variert kosthald og har tema rundt mat slik som til dømes mat frå sjøen.

 

Ein lunsj i veka er varmmat og også her er elevane med å lage til.

 

Skulen har også frisk frukt som er tilgjengeleg for elevane inn i arbeidsøktene.

Midsund Montessoriskule AS,

Skulevegen 29, 6475 Midsund

 

Telefon 71 27 99 65

Mobil 413 97 499

 

Epost: post(at)midsundmontessori.no

 

 

 

Copyright © All Rights Reserved. Kopiering kun etter skriftlig avtale