Kontakt og Skjema

Lærarar og andre tilsette

Vi er stolte og svært fornøgd med dei tilsette ved skulen. Dette er ein gjeng som samla har stor kompetanse og god og allsidig erfaring. Dei gjer ein fantastisk innsats.

Lillian Blø Rakvåg, Montessoriærar og rektor

lillian.blo.rakvag(at)midsundmontessori.no

Lillian var med i foreldregruppa som stod saman for å få starte opp skulen. Då den starta opp i 2009 fekk ho jobb som lærar. Ho har fleire års erfaring både frå skule, privat og kommunal barnehage. Ho har utdanning innan teikning, form og farge, og er utdanna førskulelærar med vidareutdanning i GLSM (grunnleggande lese-, skrive- og matematikkopplæring). I 2011 blei ho utdanna montessoripedagog.

Lillian likar også å gå på jakt etter fotomotiv ute i naturen, og å ta fram teikne- eller målesakene sine. Ho spele gitar og keyboard for seg sjølv eller næraste familie og er veldig glad i å danse, spesielt «swing»

Hanne Rakvåg, Montessorilærar

hanne.rakvag(at)midsundmontessori.no

 

Hanne starta hos oss i august 2010. Ho har gjennomført starten av allmennlærerutdanning i Volda i tillegg har ho bedriftsøkonomi. Utdanninga vart sett på vent for å ta seg av familie og ungar heime. Tidlegare har ho erfaring frå arbeid med funksjonshemma, sjukeheim, barnehage og skule.

 

I 2010 tok ho innføringskurs i montessoripedagogikk. Etter å ha jobba eit år med oss, fann ho ut at ho ville lære meir om pedagogikken. I januar 2012 starta ho på studiet Montessoripedagogikk ved Høgskulen i Larvik. Siste eksamen vart avlagt i des. 2013 og ho er no montessoripedagog

Paul Hillestad, Montessorilærar

paul.hillestad(at)midsundmontessori.no

 

Paul flytta hit til kommunen og starta hos oss 1.august 2009. Vi er glade for å ha fått med oss ein erfaren montessoripedagog.

Han er utdanna montessorilærar for aldersgruppa 6-12 år og Cand.mag med faga engelsk, historie og filosofi.

 

Han har jobba 12 år som montessoripedagog både i Noreg og i utlandet, og han har vore med og starta opp montessoriskular tidlegare.

 

Paul har også interesse for musikk og spelar både fele og gita

Reidun Karin Skogvoll Opstad, Montessoriassistent

reidun.karin.skogvoll.opstad(at)midsundmontessori.no

Reidun starta ved skulen då den starta opp i 2009. Ho er kjent i frå sitt gode arbeid med barn gjennom mange år i både skule, barnehage, sfo og andre aktivitetar for barn i kommunen. Ho har lenge vore «barnas representant» i kommunen. Reidun har utdanning frå fagskule i husstell, og er pedagogisk barnepleiar. Ho har gjennomført innføringskurs i montessoripedagogikk og eit montessorikurs innan språk, historie og kultur. I tillegg har ho i skuleåret 2011-12 tatt kurs innan dysleksi og natursekken. i 2013 tok ho AMI assistentkurs for å bli montessoriassistent. Ved skulen jobbar ho med barn som treng ekstra undervisning, er hjelpelærar i timane og har "kosthold og helse" og "natursekken" (uteskule).

 

Sarah Niemeyer, Lærar

sarah.niemeyer(at)midsundmontessori.no

 

Sarah starta som lærar på skulen vår hausten 2015. Ho er utdanna grunnskulelærar frå Tyskland. Ho er spesialisert i faga engelsk og tysk, og har ein Bacherlor of Arts og ein Master of Education. Sarah starta med 2-års-studie i Montessoripedagogikk i november 2015.

Frå tidlegar har ho erfaring med fysisk og psykisk funksjonshemma barn, og med skuler og universitet i forskjellige land. Ho både studerte og jobba som lærar- og språkassistent i Australia, Tyskland og USA før ho flytta til Midsund i starten av 2015.

I fritida si likar Sarah å reise og å vere på tur i naturen med sambuaren sin.

 

Monica Holtan, Lærar

monica.holtan(at)midsundmontessori.no

 

Monica har ein cand. mag. grad og er utdanna farmasøyt. Ho har mann og 4 barn. Dei to minste går i Montessoribarnehagen i Molde. I tillegg til farmasiutdanning har ho fordjupning i fysiologi og mellomfag i religion.

Monica likar å lære seg nye ting og er no i innspurten på montessoristudia. I tillegg til å studere er ho glad i friluftsliv, dans og samvær med familie og vener.

Tone Rakvåg, Grunnskulelærar

tone.rakvag(at)midsundmontessori.no

Tidlegare har Tone arbeid i skule og barnehage, men valte å ta ein bachelor i medie management, for å lære noko heilt anna. Ved sidan av studia har ho arbeid på ein aldersheim. Då ho kom heim fann ho ut at det var ungar ho ville arbeide med, og arbeide litt i ein barnehage før ho vart tilsett ved Midsund Montessoriskule våren 2012. Hausten 2012 byrja ho med grunnskuleutdanninga 1.-7., som over 4 år vart kombinert med å arbeide deltid/vere heime i mammapermisjon. No er permisjon- og studietida over, og ho arbeider i full stilling hos oss, og er saman med dei eldste.

 

På fritida likar Tone best å vere saman med familien sin og venar, gå på fjellet og å bake.

Maj Liz Pettersen, Montessoriassistent

maj.liz.pettersen(at)midsundmontessori.no

Maj Liz starta med oss hausten 2010. Med allsidig erfaring frå ulike arbeidsplasser, deriblant barnehage, er Maj Liz ein viktig brikke i skulen vår. Ho trivst ute og likar turar og fysisk aktivitet saman med barna. Det er derfor heilt naturleg at ho tek seg av slike oppgåver her på skulen. Ho har lærerike opplegg i natursekken, og gjer ein flott innsats for skulehagen vår. I skuleåret 2011 og 2012 tok ho kurs innan natursekken saman med Reidun. I august 2010 gjennomførte ho innføringskurs i montessoripedagogikk. Ho har også fullført AMI-assistentkurs.

 

I fritida er Maj Liz stadig på tur i naturen og med seg har ho fotoapperatet.

Lars Erik Haugen, Lærarassistent

lars.erik.haugen(at)midsundmontessori.no

 

Lars Erik er assistent og gymlærar ved skulen vår frå august 2012.

 

Han har tidlegare gått på toppidrettslinja ved Molde vidaregåande og har erfaring frå jobb i barnehage. Med stor interesse for fotball, har han alt blitt veldig populær i ballbingen på skulen.

 

Lars Erik er vår mann for å få fram fysisk aktivitet blant barna.

Maceane Nygård, Montessoriassistent

 

Maceane starta hos oss hausten 2011. Ho har tilegare erfaring frå barnehage og skule og er utdanna barne- og omsorgsarbeider.

 

I 2014 gjennomførte ho innføringskurs i montessoripedagogikk og AMI-assistentkurs. Ho er no montessoriassistent.

I fritida er Maceane ei aktiv mamma. Ho likar å stelle med hus og hage, vere mykje ute og å gå i kyrkja. Ho trimmar for å halde seg i form og er å treffe på spinning.

Og so elskar ho å reise på ferie til Venezia og Brasil.

Ann Mari Skogvoll Opstad, Spesialpedagog, vikariat

 

Bakgrunn som førskulelærar med vekt på natur og friluftsliv fra Høgskolen i Bergen.

Deretter ein master i spesialpedagogikk ved NTNU i Trondheim.

Har hatt korte perioder som tilsett hos oss tidlegare og har hatt eit samarbeid då ho reiste rundt i verda i 6 månader og sendte reisebrev til skulen.

Har også erfaring frå barnehage, avlastningsheim og boligar for mindreårige, enslige asylsøkjarar.

Det siste halvåret har ho budd i Buenos Aires (Argentina) og arbeida med barn i ulike grupper av samfunnet.

Heidi Stormyr, Lærarassistent

 

Heidi er assistent hos oss frå våren 2013.

 

Ho har uttdanning frå fagskule i husstell og husmorvikarskule. Arbeidet har vore variert slik som husmorvikar, heimehjelp, dagmamma og hjelpar på alders og sjukeheimen.

 

Ho har varierte oppgåver som assistent ved skulen.

 

I fritida likar ho å finne på ting saman med barnebarn, familie og vener. Ein fin tur ut i naturen er ein av favorittane.

Skjema til utfylling:

Ordensreglar for skulen

 

Trykk her >>

Prosedyre ved fråvær

 

Trykk her >>

Stillingar

 

Har du lyst å bli ein del av eit spanande og utviklande felleskap?

 

Ta kontakt med oss, kanskje er der ei muligheit!

Søknaddskjema dersom du må ta barnet ut av ordinær undervisning finn du ved å klikke her >>

 

Søknaden vert behandla i samsvar med Opplæringslova.

Midsund Montessoriskule AS,

Skulevegen 29, 6475 Midsund

 

Telefon 71 27 99 65

Mobil 413 97 499

 

Epost: post(at)midsundmontessori.no

 

 

 

Copyright © All Rights Reserved. Kopiering kun etter skriftlig avtale