Om oss

Vår historie

 

I august 2009, svært kort tid før skulestart fekk vi klarsignal fra Kunnskapsdepartementet til å starte privat Montessoriskule i Midsund kommune.

 

Etter at kommunestyret gjorde vedtak om nedlegging av Midøy Skule i mars 2008, har arbeidsgruppa akseptert dette vedtaket. For oss vart det ikkje noko mål å knive med våre politikarar. Alle parti fekk likelydande brev frå oss der vi la fram at vi gjerne ville treffe alle og vise kva fordelar og mulegheiter ein privat skule, med ein alternativ pedagogikk, vil vere for kommunen vår.

 

Å møte oss for ein gjennomgang takka mange politikarar ja til.

 

Gjennom samarbeidet med Vike Friskule fikk vi raskt eit innblikk i kor godt ein Montessoriskule kan fungere. Vi såg barna, lærevillige, men med forskjellige interesser, evner og utviklingsstadium. Vi såg korleis læringa vart tilpassa kvar enkelt og vi merka oss at dei hadde svært stor respekt for kvarandre. Der var roleg og god atmosfære for konsentrasjon og læring.

 

Det har no gått mange år sidan skulen vart starta. Drifta går svært bra og trivselen er god. I 2014/15 har vi 41 elevar og skulen har fylt opp sin kapasitet. Vi ser på løysingar for å utvide med nokre plassar til, men det kan bli venteliste for å komme inn ved skulen det neste skuleåret.

 

Alle timane som vart lagt ned i oppstarten både av bygdefolk, ansatte og arbeidsguppa viser no resultat. Vi har lyse og fine lokaler og god plass både ute og inne.

 

Vi gler oss til det vidare arbeidet og lovar å gjere vårt beste for at barna skal få så god ballast som det er mulig for ein skule å gje! Håpar at vi får gleda av å ha dine barn ved skulen vår.

Bilete frå historieboka vår

Det er du som vel

Som innbyggjar i Midsund kommune er du no so heldig at du kan velje skule for dine ungar. Ynskjer du at dei skal gå på ein skule som legg stor vekt på individuell læring, fridom under ansvar og respekt for andre?

 

Du er velkommen til å ta kontakt!

 

Midsund Montessoriskule AS,

Skulevegen 29, 6475 Midsund

 

Telefon 71 27 99 65

Mobil 413 97 499

 

Epost: post(at)midsundmontessori.no

 

 

 

Copyright © All Rights Reserved. Kopiering kun etter skriftlig avtale