Pedagogikk

Montessoripedagogikk

 

Maria Motessori fann ut gjennom observasjon at dersom forholda vart lagt til rette og barna hadde fridom, ville barna utvikle ein sterk og sunn personlegdom. Barns interesse og innlæringsevne varierer med alder og modning.

 

Pedagogikkens motto er ”Hjelp meg å hjelpe meg sjølv”. I dette ligg det at lærarane skal vere observatørar og rettleiarar. Dei skal legg tilrette slik at barnet sjølv skal bli i stand til å mestre. All unødig hjelp hindrar barnas utvikling og læring.

 

Har du lyst til å lese meir om montessoripedagogikken slik den er i dag, trykk og les vidare her.

Maria Montessori

Maria Montessori vart født i Italia i 1870. Ho vart Italias første kvinnelieg lege, men ho vart mest kjent for utviklinga av montessori-pedagogikken.

Denne pedagogiske modell er i dag kjent i mange land og er stor i land som Nederland, England og USA. I desse landa er det å kunne sende barna sine på ein Montessoriskule oftast noko som er sett på som eksklusivt og forbunde med relativt store kostnader. Slik er det heldigvis ikkje her i Norge, der staten legg opp til at det skal vere minst mulig eigenbetaling.

 

Har du lyst å lese meir om Maria Montessori og korleis det heile starta, trykk og les vidare her

Midsund Montessoriskule AS,

Skulevegen 29, 6475 Midsund

 

Telefon 71 27 99 65

Mobil 413 97 499

 

Epost: post(at)midsundmontessori.no

 

 

 

Copyright © All Rights Reserved. Kopiering kun etter skriftlig avtale