Maria Montessori

Maria Montessori


 

I 1870 blei ei jente, som skulle vise seg å bli ei velkjent dame, født i Italia. Maria Montessori vaks opp som einebarn i ein familie med ein tradisjonell far og ei ambisiøs og sterk mor. Ho visste kva ho ville med livet sitt, og trass i motgang blei ho Italias første kvinnelege lege. I 1897 begynte ho å jobbe frivillig ved den psykiatriske klinikken ved Romas universitet. Etter å ha blitt kjend med barn som var blitt ”gitt opp” av samfunnet og å ha oppdaga kva kompetanse desse barna sat inne med, bestemte ho seg for å studere meir. Og i 1904 blei ho, etter å ha studert antropologi, psykologi og utdanningsfilosofi, utnemnt til professor i pedagogisk antropologi. Montessori hadde mykje samarbeid om sitt arbeide med kjende pedagogar og filosofar, blant dei var Sigmund Freud og Jean Piaget.

 

Montessori viser seg å vere ei utradisjonell dame for si tid på omtrent alle område. Ho var som nemnt lege og professor i pedagogikk, ho tok seg av barn som andre hadde ”gitt opp”, ho var aleinemor og ho reiste verda rundt for å spreie sine kunnskapar om barnas utvikling og læring. Ho hadde mange foredrag for anerkjente pedagogar og doktorar. Ho jobba mykje imot den tradisjonelle skulen i Italia på denne tida. Ho var imot straff og premiering, og ho delte klassane inn i aldersblanda grupper. Elevane trengte ikkje å sitje ved pultane, og ho dreiv ikkje formidlingspedagogikk. Ho kjempa for fred på jorda og jobba mot framandfrykt, intoleranse, rasisme, likestilling og likeverd. Og om det ikkje er nok, så fremma ho også i ein av sine første talar ; Lik løn for likt arbeid.     

     

Maria Montessori jobba med denne pedagogikken heilt til ho døyde nær 82 år gamal, i sin heim i Nederland. Der etterlet ho sitt arbeid til sin son Mario og hans familie. Han har sidan den gong jobba vidare med å spreie mora sin kunnskap og vidareutvikla dei spesielle materiala som ho hadde laga med tanke på barns utvikling.

 

Maria Montessori blei nominert til Nobels Fredspris i 1949, 1950 og 1951. Undervisningsmetodane blei populære i mange land, særlig i Nederland, Storbritannia og USA. Så no lever ho vidare gjennom pedagogikken som til stadig spreiar seg utover i verda. No har den til og med nådd vesle Midsund. Vi i Midsund kommune er av dei heldige som no har fått moglegheit til å starte ein slik skule. Vi er svært takknemlege for at vi har blitt kjende med Maria Montessoris tankar, og vi trur pedagogikken kan bli eit flott alternativ for barna.


Meir om Montessoripedagogikken Trykk og les her

 

Viktige ord i

montessoripedagogikken er:

 

- Fred

- Konsentrasjon

- Fridom

- Respekt

- Arbeid

- Heilskap (raud tråd)

- Omgjevnadane (tilrettelagt miljø)

- Sjølvstende

- Det absorberande sinnet

- Førestillingsevne

- Sensitive periodar