Skuledagen

Skuledagen

 

Vi har ein annan tilnærming til læring enn det den tradisjonelle skulen. Montessori ynskjer å bruke meir praktiske måtar å lære på. Vi gir utvida fridom for elevane til å kunne gjere val og bestemme sjølve etter kvart som dei er i stand til å handtere den fridommen. Dette må skje innanfor ei forståeleg ramme og under ei klar forståing av respekt for andre. Respekt er noko vi arbeider konkret med og vi ser at det går rette vegen. Dette er eit kontinuerleg og langsiktig arbeid og vi er ikkje i mål endå.

 

Sidan måten å lære på er annleis enn tradisjonell skule, er også dags- og timeplanene annleis. Montessori meiner at elevane er best tent med lengre arbeidsøkter. Dette fordi vi meiner at det ofte tek litt tid før eleven finn roa til å lære, men når eleven har sett seg ned for å arbeide med oppgåvene, so vil dei gjerne fortsette utan å bli avbrotne. Då passar det best slik vi legg opp dagen med ei lang arbeidsøkt før lunsj, og ei litt kortare etter lunsj.

 

Montessoripedagogikken er ikkje einsidig opptatt av alder, men og av kor langt barnet har kome i si utvikling. Oppgåvene skal tilpassast til kvart enkelt barn.

Timeplanar

 

Ei arbeidsøkt er ei økt der barna jobbar med dei ulike faga som vi finn i læreplanen. Dei har individuelle arbeidsplaner som dei kan velje seg arbeid ut frå. I enkelte periodar vil vi ha hovudfokus på enkeltfag eller tema. Til innlæring av pensum brukar vi kjøpt materiell, sjølvlaga materiell, bøker og andre læringsmetodar.

 

Vi har fellessamlingar når vi føler vi har behov for det til for eksempel når det er naturleg i innlæring av diverse tema, felles informasjon eller når vi skal øve på noko, lese høgt, grupperådsmøter eller liknande.

 

Av og til vil vi også ha ein heil dag til uteskule. Dette er dagar der vi kan reise på lengre utflukter, ekspedisjonar og besøk.

 

 

 

Klikk her for timeplan >>

Praktisk læring og ut i naturen

 

Skulen vår brukar naturen mykje. Vi går turar på leiting etter svar på oppgåver vi har fått eller vi drar på lengre utflukter som strekkjer seg over heile dagen.

 

Turane med Nybonia er svært lærerike. Vi får lære både med fisking og om korleis vi tek vare på det vi haustar frå sjøen. Truleg vil mange av borna i framtida ha sitt yrke frå fiskeri og anna maritim næring og dette er for mange ein liten spire som kan gro til deira framtid.

 

Vi har også eit godt sammarbeid med Midøy Samdrift og storfjøsen. Annakvar veke har dei største årstrinna ein heil dag med "inn på tunet" på Akslahaugen. Der lærer dei seg korleis dei skal stelle og behandle dyra.

 

Skulen ønskjer også å nytte dei lokale kreftene som finst rundt oss. Her er mange store og små ildsjeler som alle sit på mykje kunnskap om det dei er interesserte i. Vi er heldige som brukar å få "ja" frå dei når vi spør! Dermed har vi blandt anna laga knivar, lært om marinbiologi, fått innføring i lokalhistoria gjennom Historielaget, laga fiskevegn, lært om lokalavisa og kika på gamle motorar. Dette kjem vi til å halde fram med for det gir elevane svært mykje!

Midsund Montessoriskule AS,

Skulevegen 29, 6475 Midsund

 

Telefon 71 27 99 65

Mobil 413 97 499

 

Epost: post(at)midsundmontessori.no

 

 

 

Copyright © All Rights Reserved. Kopiering kun etter skriftlig avtale