Kontakt og Skjema

Lærarar og andre tilsette

 

Vi er stolte og svært fornøgd med dei tilsette ved skulen.  Dette er ein gjeng som samla har stor kompetanse og god og allsidig erfaring. Dei gjer ein fantastisk innsats.

Lillian Blø Rakvåg, Montessoriærar og rektor

lillian.blo.rakvag(at)midsundmontessori.no

 

Lillian var med i foreldregruppa som stod saman for å få starte opp skulen. Då den starta opp i 2009 fekk ho jobb som lærar. Ho har fleire års erfaring både frå skule, privat og kommunal barnehage. Ho har utdanning innan teikning, form og farge, og er utdanna førskulelærar med vidareutdanning i GLSM (grunnleggande lese-, skrive- og matematikkopplæring). I 2011 blei ho utdanna montessoripedagog 6-9. Rektorutdanna vart ho i 2016.

 

Lillian likar også å gå på jakt etter fotomotiv ute i naturen, og å ta fram teikne- eller målesakene sine. Ho spele gitar og keyboard for seg sjølv eller næraste familie og er veldig glad i å danse, spesielt «swing»

Hanne Rakvåg, Montessorilærar

hanne.rakvag(at)midsundmontessori.no


Hanne starta hos oss i august 2010. Ho har gjennomført starten av allmennlærerutdanning i Volda i tillegg har ho bedriftsøkonomi. Utdanninga vart sett på vent for å ta seg av familie og ungar heime. Tidlegare har ho erfaring frå arbeid med funksjonshemma, sjukeheim, barnehage og skule.


I 2010 tok ho innføringskurs i montessoripedagogikk. Etter å ha jobba eit år med oss, fann ho ut at ho ville lære meir om pedagogikken. I januar 2012 starta ho på studiet Montessoripedagogikk ved Høgskulen i Larvik. Siste eksamen vart avlagt i des. 2013 og ho er no montessoripedagog

Paul Hillestad, Montessorilærar

paul.hillestad(at)midsundmontessori.no


Paul flytta hit til kommunen og starta hos oss 1.august 2009. Vi er glade for å ha fått med oss ein erfaren montessoripedagog.

Han er utdanna montessorilærar for aldersgruppa 6-12 år og Cand.mag. med faga engelsk, historie og filosofi. Han fullførte FPPU studie ved NTNU i Trondheim i 2019.

 

Han har sidan 1997 arbeida som montessoripedagog både i Noreg og i utlandet.

 

Paul har også interesse for musikk og spelar både fele og gitar.

Reidun Karin Skogvoll Opstad, Montessoriassistent

reidun.karin.skogvoll.opstad(at)midsundmontessori.no

 

Reidun starta ved skulen då den starta opp i 2009. Ho er kjent i frå sitt gode arbeid med barn gjennom mange år i både skule, barnehage, sfo og andre aktivitetar for barn i kommunen. Ho har lenge vore «barnas representant» i kommunen. Reidun har utdanning frå fagskule i husstell, og er pedagogisk barnepleiar. Ho har gjennomført innføringskurs i montessoripedagogikk og eit montessorikurs innan språk, historie og kultur. I tillegg har ho i skuleåret 2011-12 tatt kurs innan dysleksi. Vårt fokus på psykisk helse/livsmeistring nyttar ho i si "Zippyundervisning".
I 2013 tok ho AMI assistentkurs for å bli montessoriassistent. Ved skulen jobbar ho med barn som treng ekstra undervisning, er hjelpelærar i timane og har "kosthold og helse".


Sarah Niemeyer, Montessorilærar         

sarah.niemeyer(at)midsundmontessori.no


Sarah starta som lærar på skulen vår hausten 2015. Ho er utdanna grunnskulelærar frå Tyskland. Ho er spesialisert i faga engelsk og tysk, og har ein Bacherlor of Arts og ein Master of Education.


I 2018 vart Sarah godkjent montessorilærar 9-12.


Frå tidlegar har ho erfaring med fysisk og psykisk funksjonshemma barn, og med skuler og universitet i forskjellige land. Ho både studerte og jobba som lærar- og språkassistent i Australia, Tyskland og USA før ho flytta til Midsund i starten av 2015.

I fritida si likar Sarah å reise og å vere på tur i naturen med sambuaren sin.

Tone Rakvåg, Adjungt

tone.rakvag(at)midsundmontessori.no

 

Tone er født og oppvokst i Midsund, og har budd både i Molde, Ålesund, Trondheim og Gjøvik før ho bestemte seg for å flytte heim igjen. Her trives ho veldig godt saman med mann, to barn og ein firbeint bestevenn i huset nede ved sjøkanten. Ho begynte på skulen våren 2012, som assistent. Ho bestemte seg då for å bli lærar, og blei ferdig utdanna adjunkt i 2016, ved Høgskolen i Levanger. Frå tidlegare har ho ein bachelor i Media Management, frå Høgskolen i Gjøvik. Ho trivest veldig godt på skulen, og jobbar som kontaktlærar på den eldste gruppa.


På fritida likar ho å vere saman med familien og vennar, samt vere kreativ, bake og trene. Det å glede andre er noko som er veldig viktig for Tone, som ho prøver å dra med seg inn på skulen.

Maj Liz Pettersen, Montessoriassistent

maj.liz.pettersen(at)midsundmontessori.no

 

Maj Liz starta med oss hausten 2010. Med allsidig erfaring frå ulike arbeidsplasser, deriblant barnehage, er Maj Liz ein viktig brikke i skulen vår. Ho trivst ute og likar turar og fysisk aktivitet saman med barna. Det er derfor heilt naturleg at ho tek seg av slike oppgåver her på skulen. Ho har lærerike opplegg i natursekken, og gjer ein flott innsats for skulehagen vår. I skuleåret 2011 og 2012 tok ho kurs innan natursekken saman med Reidun. I august 2010 gjennomførte ho innføringskurs i montessoripedagogikk. Ho har også fullført AMI-assistentkurs, aktivitetsleiarkurs og kurs i diskalkuli.


I fritida er Maj Liz stadig på tur i naturen og med seg har ho fotoapperatet.

Henriette Ulvund, Montessoripedagog

henriette.ulvund(at)midsundmontessori.no


Henriette starta hos oss i august 2021. Ho har arbeid ved Hildre Montessoriskule, der også barna hennar har vore elevar. I 2017 tok ho utdanning i Montessoripedagogikk og i 2019 eit årsstudie i norsk/nordisk ved høgskulen i Volda. Ho har også studert verdshistorie, religion og

norsk kyst- og kulturhistorie og skreve bacheloroppgave.

Tidlegare har ho dreve kreativ barneklubb gjennom undomslager Solglytt på Hildre.


Henriette bor i Brattvåg og reiser til skulen kvar dag. Ho er glad i handtverk og driv med handtverkshobbyar.

Ann Monica Tangen, Spesialpedagog

ann.monica.tangen(at)midsundmontessori.no


Ann Monica er fødd og oppvaksen i Midsund. Ho er både hjelpepleiar og barnehagelærar og har arbeidd i butenesta og i barnehagane. Gjennom arbeidet i barnehagane tok ho vidareutdanning i spesialpedagogikk. 

I ein praksisperiode ved skulen vart ho fascinert av montessoripedagogikken. No er ho tilsett ved skulen og har alt starta på videreutdanning i montessoripedagogikk ved Universitetet i Sør-Øst Norge.

Ann Monica seier føljande:

På mi ferd i arbeid med menneskjer i alle aldre, har eg funne ut at min motivasjon ligg i å sjå at andre utviklar seg og at eg kan hjelpe dei til å meistre noko dei ikkje fekk til i går.

Monika Kolesnikow, Assistent

monika.kolesnikow(at)midsundmontessori.no


Monika Kolesnikow flytta frå Polen til Midsund i 2015. Ho deltok då to år på norskkurs på vaksenopplæringa. I Polen har ho studert engelsk og ho har 12 års erfaring i undervisning. 6 år arbeida ho med ungdommar i vidaregåande skule, og etterpå dreiv ho eige firma med privatundervisning av barn frå 5-18 år. I tillegg hadde ho engelskkurs med vaksne i private bedrifter. Når ho kom til Noreg så fekk ho jobb som JAG assistent. Frå august 2020 har ho jobba ved vår skule som tolk og hatt ansvar for språkopplæring på framandspråkleg elev, i tillegg til andre oppgåver som assistent. 


I fritida likar ho å gå på tur med familien, jobbe i sin nye hage og å bake.



Innleigde ressursar


Aina Tangen, Adjunkt


Aina driv garden Akslahaugen i Midsund. Dette er ein "Inn på tunet-gard" som skulen har hatt samarbeid med dei sidan 2012.


Aina er utdanna adjunkt ved Høgskulen i Volda, og har arbeidd i grunnskulen i kommunen sidan 2001. Ho har og arbeidd i vaksenopplæringa i 10 år. Dei siste åra har ho arbeidd fulltid på garden sin og drive den som ein læringsarena, med tett samarbeid med skulane i kommunen. Ho har tatt ekstra utdanning ved høgskulen i Molde i å bruke garden som pedagogisk ressurs og som ressurs for personar med demenssjukdom.


Gardslivet med dyr og hagebruk blir gjerne både jobb og fritid, men det blir tid til litt anna aktivitet også, som handball og fotball.


Skjema til utfylling:

Ordensreglar for skulen


Trykk her >>

Prosedyre ved fråvær


Trykk her >>

Stillingar


Har du lyst å bli ein del av eit spanande og utviklande felleskap?


Vi søkjer etter lærar. 

Les meir her >>



Søknaddskjema dersom du må ta barnet ut av ordinær undervisning finn du ved å trykke her >>               


Søknaden vert behandla i samsvar med Opplæringslova.