Skuledagen

Skuledagen


Vi har ein annan tilnærming til læring enn det den tradisjonelle skulen. Montessori ynskjer å bruke meir praktiske måtar å lære på. Vi gir utvida fridom for elevane til å kunne gjere val og bestemme sjølve etter kvart som dei er i stand til å handtere den fridommen. Dette må skje innanfor ei forståeleg ramme og under ei klar forståing av respekt for andre. Respekt er noko vi arbeider konkret med og vi ser at det går rette vegen. Dette er eit kontinuerleg og langsiktig arbeid og vi er ikkje i mål endå.


Sidan måten å lære på er annleis enn tradisjonell skule, er også dags- og timeplanene annleis. Montessori meiner at elevane er best tent med lengre arbeidsøkter. Dette fordi vi meiner at det ofte tek litt tid før eleven finn roa til å lære, men når eleven har sett seg ned for å arbeide med oppgåvene, so vil dei gjerne fortsette utan å bli avbrotne. Då passar det best slik vi legg opp dagen med ei lang arbeidsøkt før lunsj, og ei litt kortare etter lunsj.


Montessoripedagogikken er ikkje einsidig opptatt av alder, men og av kor langt barnet har kome i si utvikling. Oppgåvene skal tilpassast til kvart enkelt barn.

Timeplanar


Ei arbeidsøkt er ei økt der barna jobbar med dei ulike faga som vi finn i læreplanen. Dei har individuelle arbeidsplaner som dei kan velje seg arbeid ut frå. I enkelte periodar vil vi ha hovudfokus på enkeltfag eller tema. Til innlæring av pensum brukar vi kjøpt  materiell, sjølvlaga materiell, bøker og andre læringsmetodar.


Vi har fellessamlingar når vi føler vi har behov for det til for eksempel når det er naturleg i innlæring av diverse tema, felles informasjon eller når vi skal øve på noko, lese høgt, grupperådsmøter eller liknande.


Av og til vil vi også ha ein heil dag til uteskule. Dette er dagar der vi kan reise på lengre utflukter, ekspedisjonar og besøk.

Praktisk læring og ut i naturen


Skulen vår brukar naturen mykje. Vi går turar på leiting etter svar på oppgåver vi har fått eller vi drar på lengre utflukter som strekkjer seg over heile dagen.


Turane med Nybonia er svært lærerike. Vi får lære både med fisking og om korleis vi tek vare på det vi haustar frå sjøen. Truleg vil mange av borna i framtida ha sitt yrke frå fiskeri og anna maritim næring og dette er for mange ein liten spire som kan gro til deira framtid.


Vi har også eit godt sammarbeid med Midøy Samdrift og storfjøsen. Annakvar veke har dei største årstrinna ein heil dag med "inn på tunet" på Akslahaugen. Der lærer dei seg korleis dei skal stelle og behandle dyra.


Skulen ønskjer også å nytte dei lokale kreftene som finst rundt oss. Her er mange store og små ildsjeler som alle sit på mykje kunnskap om det dei er  interesserte i. Vi er heldige som brukar å få "ja" frå dei når vi spør! Dermed har vi blandt anna laga knivar, lært om marinbiologi, fått innføring i lokalhistoria gjennom Historielaget, laga fiskevegn, lært om lokalavisa og kika på gamle motorar. Dette kjem vi til å halde fram med for det gir elevane svært mykje!   

Akslahaugen Gard, Inn på tunet.


Vi har sidan 2012 samarbeid med Akslahaugen Gard. Dette er ein Inn på tunet-gard. Dei brukar garden som pedagogisk ressurs, og er ein læringsarena som skulane kan samarbeide med.


Målet er at elevane skal oppleve meistring, utvikling og trivsel, få positive opplevingar i lag, lære å samhandle og skape gode relasjonar i gruppa. Ved å følgje læringsmåla i læreplanen, i tett samarbeid med skulen, legg vi opp til aktivitetar som styrker samanhengen mellom teori og praksis. Stell og nærkontakt med dyra, plante- og hagestell, skog, fjøre og sjø er ting vi arbeider med gjennom skuleåret. Vi har også fokus på FN sine berekraftmål og lokalsamfunnet vårt.


Du kan sjå ein liten film om oss. Klikk nedanfor >>


Garden som pedagogisk ressurs i Inn på tunet Møre og Romsdal - YouTube