Montessoripedagogikk

Montessoripedagogikk


 

Montessoripedagogikken byggjer på Maria Montessoris eigne betraktningar og den forskinga ho dreiv gjennom heile sitt liv. Ho såg ikkje på ”metoden” som ei oppfinning, men heller som ei oppdaging. Ho oppdaga barnas sanne natur.


Gjennom observasjon fann ho ut at dersom forholda vart lagt til rette og barna hadde fridom, ville barna utvikle ein sterk og sunn personlegdom. Barns interesse og innlæringsevne varierer med alder og modning. Innlæring som samsvarar med barnas eigne utviklingsnivå og interesseperiodar går lettare. All unødig hjelp hindrar barnas utvikling og læring.

 


”Hjelp meg å hjelpe meg sjølv” blei pedagogikkens motto.

 


Montessoripedagogikkens grunnprinsipp:


 

Tryggleik, delaktigheit og oppmuntring til sjølvstende

Eit nøye tilrettelagt og førebudd miljø – barna blir påverka av miljøet og samfunnet dei veks opp i. Miljøet i klasserommet skal tilretteleggast etter barnas behov og modningsnivå.

Montessorimateriell er konkretiserande, sjølvkorrigerande, stimulerer sansane og er basert på hjernens mest effektive måte å tileigne seg kunnskap. ”Handa er hjernens reiskap”, sa Maria Montessori.

Læraren som rettleiar, tilretteleggjar og inspirator

Fridom under ansvar og med grenser

Uforstyrrande arbeidssyklusar - konsentrasjon, tolmod og respekt

Aldersblanda grupper

Individuelle arbeidsplaner- læring og utvikling i eige tempo

System, orden og kodar som gjer læringa enklare

Erfaringar frå opplevingar og praktisk arbeid

Ansvar for andre i praksis ved å ta vare på planter, dyr, medelevar og andre på skulen

Handlingar har konsekvensar på godt og vondt

Oversikt, tilgang og praktiske løysingar

Den raude tråden – heilskap og samanhengar førar til at elevane betre forstår og ser behovet for å lære det dei skal lære

Å vere ein vaksen med ansvar for barnas oppvekst er eit enormt tillitsverv. Eit barn er ikkje berre noko dei er i påvente av å bli vaksne, men eigne individ som krev respekt og god oppfølging

Småbarnsalderen er dei mest grunnleggande åra i utviklinga av mennesket sin personlegdom, og dei åra som barna lærer mest på kortast tid. Difor er det så viktig å få rett stimuli til rett tid i denne alderen, for å utvikle sine evner mest mogleg på alle område

Pedagogikken er livssynsnøytral, og byggjer under respekt og toleranse for forskjellar i samfunnet. Vi har eit felles mål om ei betre verd å leve i for alle levande skapningar.











 



Viktige ord i montessoripedagogikken er:


 

-          Fred

-          Konsentrasjon

-          Fridom

-          Respekt

-          Arbeid

-          Heilskap (raud tråd)

-          Omgjevnadane (tilrettelagt miljø)

-          Sjølvstende

-          Det absorberande sinnet

-          Førestillingsevne

-          Sensitive periodar

 


Fred:

Montessori var opptatt av verdsfred, og meinte at freden måtte komme innanfrå. Ho såg at for vaksne kravde dette for mykje endringar til at det kunne skje i løpet av livet. Difor meinte ho at vi måtte starte med barna og leggje vekt på forhold som kan gje dei sjanse til å utvikle seg i harmoni, indre fred og visdom.

 


Metodane fokuserer på utdanning for livet.

 


Målet er å kunne gje barna sjanse til å utvikle seg til vaksne som er glade i livet, og i balanse og harmoni med seg sjølv og andre. Den einaste måten å oppnå dette på, er å la barna sin sanne natur vise oss korleis barna lærer og utviklar seg. Dette er kjernen i montessorimetoden.

 


Konsentrasjon:

Montessori mente at om barna skulle lære, var konsentrasjon det viktigaste. For å oppnå konsentrasjon må barna ha ro, tryggleik, respekt, fridom og noko som interessant å arbeide med.


Når eit barn har oppnådd konsentrasjon, må barnet vernast for ein kvar pris, og det skal få arbeide i fred til det er ferdig. Uansett om det vil gjere oppgåver om igjen mange gonger, så er ikkje barnet ferdig før det sjølv meiner det er ferdig.


 

Alle som lever på jorda har eit indre mål i livet, det er først og fremst å skape seg sjølv, men det finst og eit anna mål, ei plikt til å gjere seg sjølv fullkommen, i harmoni med alt anna levande. Barnet strevar etter å meistre og å greie sjølv for å bli ein sjølvstendig skapning uavhengig av andre. For å oppnå dette må barna få øve på ting så lenge dei sjølv føler behov, og til dei sjølv føler dei meistrar. Når eit barn meistrar noko, vil oppgåva bli for enkel. Utfordringa blir ikkje stor nok og barnet vil sjølv gå vidare til neste utfordring. Barnet veit ikkje alltid sjølv kva utfordring som er den neste. Derfor er det lærarens oppgåve å observere barna, og vite kva interesser barna har og kva presentasjonar barnet er klar for i neste utfordring. Slik vil man heile tida kunne greie å finne ting som barnet vil kunne arbeide med og å gå inn i djupe konsentrasjonar for å lære meir.

 

 


Fridom:

Fridomen består ikkje av at barna skal få velje fritt kva det skal gjere til einkvar tid, men at dei kan velje mellom materiell som dei finn i det tilrettelagte miljøet, og som dei har blitt presenterte for. Det er ikkje fridom til å velje om dei vil arbeide eller ikkje, men til kva dei skal arbeide med innafor sine rammer, og korleis dei vil arbeide. Dei har og fridom til å sjølv velje om dei vil arbeide i gruppe eller åleine. Om dei vil jobbe på gulv eller ved pult / bord, sitjande eller ståande, og om dei vil arbeide med matematikk, engelsk eller eit anna fag.


 

Dei har og fridom til å ta seg pausar når dei treng det i staden for små felles pausar, som kan føre til at dei må slutte med arbeid når dei er djupt konsentrerte i det. Arbeidsøktene er lange for at barnet skal få tid til å fordjupe seg. Midt på dagen er det eit lengre avbrekk der dei får servert lunsj. Etter mat er det ei lang utetid der dei kan leike fritt, før dei tek til på ei ny arbeidsøkt.

 


Respekt:

Å vise respekt for andre er noko ein må lære. For å lære dette må ein sjølv føle å bli respektert. Dette er noko av det viktigaste innan Montessoris tankar.


 

På ein Montessoriskule vil dagen alltid opne ved at ein blir sett og høyrt. Elevane skal lære å respektere dei andre både under arbeidsøktene og elles i felles aktivitetar eller arrangement. Dette må dei lære gjennom gode rollemodellar. På skulen er det lærarane og dei andre elevane som er rollemodellar. Det er særs viktig at dei sjølv blir behandla med respekt frå lærarane. Elevane skal føle at dei blir tekne med i diskusjonar og slutningar, og at dei bidreg til å gjere skulen til ein god stad å vere på for alle.


 

Ved å ha berre ein utgåve av alt materiell må elevane lære seg å vente og å tolerere at andre var først. Dei må vise respekt for andres arbeidsro ved å ta omsyn til korleis dei beveger seg og brukar stemma. For eksempel når barn jobbar på matter på golvet, har elevane klare reglar på kvar det er lov å gå. Å følgje den regelen er å respektere dei andre sitt behov for arbeidsro.

 


Alt med at det skjer undervisning i forskjellige fag, for forskjellige aldersgrupper og forskjellige nivå i same klasserom, må barna ha ein anna form for å respekt ved at dei ikkje kan samanlikne prestasjonar til einkvar tid. Dei lærer å ta meir omsyn til andre, dei ser mangfaldet eit samfunn kan bestå av og respekterar at ikkje alle er like.


 

Arbeid:

Montessori kallar tida ein brukar for å ta til seg kunnskap for ”arbeid”. Derfor brukar ho blant anna ordet arbeidsøkter i staden for undervisningstid.


 

Montessori seier også at barn arbeider i ein ”arbeids-sirkel”. Det vil seie at dei treng ei stund før dei greier å finne noko dei vil arbeide med. Dei finn kanskje noko for så å legge det frå seg å ta noko nytt. Men berre dei får halde på i fred og utan at vi vaksne avbryt denne prosessen med ”vel-meinte” gode råd og tips til kva dei kan gjere, vil dei etter kvart finne noko som fangar dei. Då kan dei sitje i djup konsentrasjon over lengre tid. Og det er då dei lærer, meiner Montessori. Ein slik ”arbeidssirkel” varer minimum i 3 timar meiner Montessori, og anbefalar dermed ikkje kortare arbeidsøkter enn på 3 timar. Dette er ikkje så enkelt å få til med tanke på all anna organisering ein skuledag inneber. Men vi har satsa på at den første arbeidsøkta skal ha ein lengde som tilsvarar omtrent 3 timar.

 


Eit barn arbeider stort sett heile tida. Det tar til seg kunnskap frå miljøet rundt seg til stadigheit. Om det leikar fritt eller om det deltek på tilrettelagte aktivitetar så arbeider det, for det lærer ustanseleg av inntrykk og opplevingar som kvardagen fyllast av.

 


Arbeid i Montessoris tankar er ikkje ein betalt 8-16 jobb, men eit arbeid vi deltek i heile livet.

 


Heilskap:

Montessori arbeider ut frå heilskapstanken. Ho meiner at viss barna forstår samanhengar og heilskapen som jorda, verda og universet består av, så vil all læring bli mykje enklare å forstå. Barna er avhengige av at læringa gir meining, og at dei kan sette den i samband eller relasjonar til noko.


 

Kvart år blir innleia av dei fem forteljingane som Montessori har laga. Dette er forteljingar om korleis verda blei til, korleis matematikken og språket blei til osv. Ut ifrå desse forteljingane vil barna finne ting som interesserar dei meir enn noko anna, og dei kan få velje å arbeide meir med dette. Historia kan delast i mindre delar og til slutt vil detaljane bli viktige. Etterpå kan barna gå vegen ut igjen, tilbake til heilskapen for å sjå at alt har ein samanheng og er nøye vevd inn i ein vev av kombinasjonar, konsekvensar og forhold til kvarandre.

 


Omgjevnadane (Det tilrettelagte miljøet):

Læraren si viktigaste rolle er å lage eit miljø rundt barna som dei vil trivast og utviklast i. Eit klasseromsmiljø skal vere triveleg. Lyst, fint, reint, i orden og oversiktleg. Det skaper ro og moglegheit for konsentrasjon for barna.

 


Alt som er i miljøet skal vere der for barna. Det skal ikkje vere ”forbodne ting” som barna ikkje får lov til å handtere eller bruke. Dette gjeld både ute og inne.

 


Utandørs har barna ofte ein hage eller eit bed dei skal ta hand om, og inne i klasserommet er der dyr og planter barna må stelle. På vår skule kjem vi til å ha fiskar og grøne planter innandørs, i første omgang. Vi har søkt midlar til å få lage oss ein kjøkkenhage utandørs.

 


Det skal vere mogleg for eit barn å nå tak i det dei vil arbeide med. Møbler, bilete, reolar og reiskap skal vere tilpassa barna, slik at dei kan greie sjølv å utføre det dei vil med henting, handtering og flytting av ting. Dette gjer at barna føler at dei meistrar og at dei styrkar sjølvkjensla for kva dei kan greie å utrette.

 


Barna bygger opp sin konsentrasjon, og då treng dei gjenstandar rundt seg som interesserer og tiltrekkjer dei. Når dei vil konsentrere seg om noko og fordjupe seg, skal dei kunne oppsøkje ein avsondra plass for å få ro. Derfor er eit montessoriklasserom oppdelt i fleire små grupper og forskjellige områder til å jobbe i. Der kan ein velje å sitje i ein sofa for å lese, ligge på teppe på golvet med store materiell, jobbe ved større bordgrupper for fleire barn eller aleine på ein pult.

 


Alt material finst stort sett berre i ei utgåve. Dette for at barna skal lære seg å vente på tur, respektere andre medelevar og materialet, få ansvarsfølelse for å halde ting i orden og å kunne ta vare på ting. Materialet vil barna finne på faste plassar. Finn dei ikkje materialet der det skal vere, betyr det at det er i bruk. Elles vil materialet også stå i vanskegrad frå venstre til høgre i hyllene, frå lett til vanskeleg. Mykje material har fargekodar. Som eksempel har norskmaterialet stor svart trekant for ”substantiv”. Ord og material som bygger opp læring rundt substantiv, ligg i svarte små esker merka med ein svart trekant. ”Verb” har ein raud stor runding som symbol. Derfor ligg alt material som er laga for å øve på verb, i raude esker med ein raud runding utanpå o.s.v.

 


Sjølvstende:

Vi kjemper, alt frå fødselen av, for å kunne greie å gjere ting sjølve og å bli uavhengige av andre si hjelp. ”Greie sjølv” er eit velkjent utsegn i småbarnsalderen. Alle strebar mot eit mål om å vere sjølvstendige individ. Det er dette som gjer at vi lærer å gå, kommunisere og gir oss iveren til å lære meir og meir. Barna greier mykje, viss dei får lov til å prøve.


 

Dei lærer gjennom å erfare, observere og prøve. Ein naturleg ”indre driv” vil dra barna vidare til neste utfordring.

 


Eit barn som ikkje ber om hjelp, treng sjeldan det. ”Vel-meint hjelp”, der vi vaksne ofte tek over for eit barn som strevar for å få til noko, bryt ned barnas evne til sjølvstende. Å hjelpe for mykje kan vere meir til skade enn til nytte.


 

Ein skal respektere barnas behov for å greie sjølve, og la dei få tid til å gjere ting på sin måte. Blant anna derfor legg montessoriskular opp til at arbeidsøktene er tverrfaglege og lange. Barna skal føle at dei får nok tid til å jobbe. For å gjere barna meir sjølvstendige, er blant anna reolane lave og ting står innanfor deira høgde og rekkjevidde. Dei skal ikkje trenge hjelp til noko dei kan greie sjølv. Miljøet skal vere tilrettelagt for barna.

 


Materiellet som barna brukar mykje er sjølvkontrollerande. Dette gjer også barna meir sjølvstendig ved at dei sjølv kan finne ut om dei har løyst oppgåva riktig og sjølv finne ut kvar feilen ligg.  Dei er ikkje avhengig og blir ikkje vant med at dei skal bli rette av andre og få påpeika kvar feilen er.

 


Å meistre gir motivasjon til å prøve å meistre meir.

 


Å leggje tilrette miljøet og observere barnas behov slik at barna utviklar sjølvstende og kan gå ei framtid i møte som sjølvstendige  individ, er den største oppgåva ein montessoripedagog har.

 


På montessoriskulen vil barna også få delta i vanlege gjeremål som for eksempel å ha ansvar for planter og dyr, lage mat, vaske og halde orden. Vanlege kvardagsaktivitetar er viktig læring i streben mot å bli sjølvstendig.

 


Det absorberande sinnet:

Barna i alderen 0-6 år set inne med ei unik gåve. Dei har noko Montessori kalla for det absorberande sinn. Dette vil seie at barna kan ”syge” til seg kunnskap som ein svamp.


 

Barna tek inn læring med alle sansar utan å vere det bevisst sjølve. Dei høyrer, ser, smakar og tek på ting. Dei lærer gjennom å erfare og oppleve.


 

Eit eksempel på dette er viss eit barn blir utsett for fleire språk på ein gong i denne alderen. Barnet vil då kunne lære seg desse språka mykje enklare enn seinare i livet. Dei treng ikkje å lære grammatikk og reglar for å greie å bruke språket, for det kjem berre automatisk og naturleg inn.


 

På grunn av denne evna, som sakte men sikkert forsvinn når barna når 6 års alderen, meinte Montessori at det var veldig viktig at barna fekk bruke sansane så mykje som mogleg i denne alderen. Då vil dei få mange ”erfarings-knaggar” å hengje læring på, og det vil vere mindre ting dei må lære heilt frå grunnen, seinare i livet.


 

Montessori laga mykje materiell til barna i denne alderen, som gjer barna nysgjerrige og dei får lyst til å jobbe. Dette er materiell som blant anna tek for seg kvardagsaktivitetar, bokstavar og matematikk.


 

I montessoribarnehagar er det ikkje sjeldan at fireåringar les og reknar multiplikasjon med høge tal.

 


 

Førestillingsevne:

Når barna når 6 års alderen forsvinner ”det absorberande sinnet” sakte, men sikkert og førestillingsevna trer inn i barnas sinn.


 

Dette er evna vi har til å sjå føre oss ting vi høyrer om, eller føler. Det har ofte samanheng med ting som tidlegare er opplevd. Derfor kjem den evna etter kvart som barna har opplevd og erfart mykje.


 

Førestillingsevna gjer at barn blant anna kan setje seg inn i andre sin situasjon og korleis ting var før, føle empati og blir opptatt av rettferd. Den gjer også at dei kan ta fram tidlegare lærdom og gjere seg nytte av den til ny læring.


 

Dette kjem for full blomst i 6-12års alderen. Derfor går læringa då over frå å vere svært konkret til meir og meir abstrakt. Dette vil gjenspegle seg i dei materiella barna brukar i timane, og korleis barna sjølve vil legge opp til det dei skal arbeide med.

 


I 9-års alderen vil barna blant anna kunne planlegge utflukter og ekskursjonar i nært samarbeid med dei vaksne. Då kan dei få ta ein stor del av organisering, gjennomføring og etterarbeid i samband med utflukta. Dei vil og kunne ta meir ansvar for eige arbeid, hjelpe dei yngre elevane og delta i nødvendige kvardagsoppgåver som krev ansvar og tillit.

 


Sensitive periodane:

Dei sensitive periodane er periodar i livet der vi er meir mottakelege for læring innan ulike område, enn vi vil vere ved andre periodar av livet.


 

Viss vi ikkje får stimulert den sensitive perioden for det området når vi er der, vil den læringa ta mykje lengre tid å lære for oss seinare, og kanskje også bli nærmast umogleg.

 


Som eit eksempel kan vi ta språk. Barn som er i 2-års alderen, er inne i ein svært sensitiv periode for språk. Dei syg til seg kunnskap og tek til seg læring rundt dette emnet svært raskt. Skal vi som vaksne begynne å lære oss eit språk, vil vi bruke mykje meir tid på å lære dette på grunn av at vi ikkje er i denne sensitive perioden lengre.

 


Vi kan ofte sjå barn bli veldig oppslukt av noko dei held på med. Noko fangar deira merksemd totalt. Dei vil bruke mykje tid på dette og kan gjerne gjere  det same om igjen fleire gongar. Då har dei komme inn i ei sensitiv periode for dette tema, og vi bør nytte det til den læringa vi kan flette inn.


 

Dei sensitive periodane kan komme og gå veldig brått, ein ting som var veldig interessant i går, kan barnet ha jobba seg ferdig med og ville gå vidare frå i morgon. Derfor er det så viktig å observere og vere vaken på barnas interesser og gripe fatt i det som interesserer dei. Det er viktig for at barna skal oppleve dette som interessant, lærerikt og meiningsfylt.


 

Det er også viktig at vi legg læringa ned til deira nivå. Det er viktig at barna ikkje føler seg ”dum”, men at dei får ta til seg læring i den grad dei kan meistre. Vi skal aldri seie: ”nei, dette får du ikkje lære fordi du vil ikkje forstå det”. Det er viktig at barna får lære om det som interesserer. Finn barna det for vanskeleg, vil dei naturleg miste interessa, men då har dei alt fått med seg litt av det dei skal lære om seinare. Då vil den læringa ikkje bli framand, og den vil gå lettare, meiner Montessori.

 


 


Meir om Maria Montessori. Trykk og les her

Viktige ord i

montessoripedagogikken er:

 

- Fred

- Konsentrasjon

- Fridom

- Respekt

- Arbeid

- Heilskap (raud tråd)

- Omgjevnadane (tilrettelagt miljø)

- Sjølvstende

- Det absorberande sinnet

- Førestillingsevne

- Sensitive periodar